Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Kort veg til open scene

Kort veg til open scene

FORNØGD: Audun Schanche Kristoffersen har sakna Open Mic i byen, og var glad for å delta. FOTO: Borghild Gudmestad

Lokalt øl blinkar i glasa på fleire av kaféborda. Unge og godt vaksne har tatt turen til KinoKino for månadens Open Mic.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
09.02.2016 kl 12:05

Foajeen og kafeen på KinoKino innbyr til å dela musikk, 
humor eller andre forteljingar, ein kveld i månaden.

Rundt 20 personar har funne seg til rette rundt kafeborda. Nokre er her for fyrste gong, andre har hatt det som tradisjon over lang tid. Ove Henry Larsen og Finn Hauge går her fast. Dei har dratt med seg kameratane Arne Vagle og Rune Tallaksen.

– Eg liker at det ikkje blir for fullt her. Det er ikkje så mange som veit om tilbodet ennå, seier Ove Henry Larsen.

Han set stor pris på at Sandnes etablert eit tilbod med Open Mic, der dei som vil prøva seg på ein scene kan gjera det her.

Det er ei spenning knytt til det, meiner Larsen.

Sjølv går han og kameratgjengen her for å lytta, ikkje opptre.

Gratis

Dei som har lyst å presentera tekstar eller musikk tar kontakt med arrangøren. Det kostar ingenting å opptre, det kostar heller ikkje noko å vera publikum.

Cecilie Kverneland er hovudansvarleg for å leggja til rette for at dei som har lyst kan dela musikk eller litteratur for andre publikummarar.

– Me har hatt dette i om lag 1, 5 år. Me har marknadsført dette på Vågen vgs, internettsider og Facebook. Me har prøvd å rekruttera Vågen-elevar, samt delt ut flyers, fortel ho.

Se bildet større

STILLE: Det er ingen som pratar under framføringane under Open Mic på KinoKino. Den som står på scenen får opptre for eit lyttande publikum. FOTO: Borghild Gudmestad

Dei har merka auka interesse, det varierer kor mange som kjem. Torsdagen er dagen for Open Mic, om lag ein gong i månaden.

– Dette er ein scene med låg terskel, der lokale folk kan opptre med musikk eller tekst. Det skal vera inspirerande å vera her. Det skal vera ein varm plass der du kan dela eller lytta, seier ho engasjert.

Ho er like interessert i publikum som dei som opptrer.

Rebecca Instebø opptrer kvar gong.

– Eg har gjort dette mykje, eg synest det berre er gøy. Det er låg terskel for å opptre her, seier ho før går på scenen og opptrer med nokre songar i singersong- writer sjangeren.

Sakn

Den eine delen av den lokale duoen SkankeVelan skal opptre for fyrste gong i kveld.

– Så utruleg kult at det er ein scene her, eg bur jo rett ved her borte. Før har eg alltid reist til Stavanger og sunge, seier Audun Schanche Kristoffersen frå bandet.

Han blei veldig gira då han såg at det fanst eit slikt tilbod i byen. Dette var noko han hadde sakna.

Praten går godt frå borda mellom framføringane. Audun Schanche Kristoffersen opptrer med ein ny song, urpremieren blir på KinoKino. Han får svært god respons. Det gjer han også på dei andre songane han opptrer med. Det er eit lyttande publikum, ingen pratar under framføringane.

Knut Eirik Lunden har opptredd ein gong før. Han seg scenevant framføre publikum. Han har sett seg godt til rette på ein barkrakk. Så strøymer tonane ut frå mann med gitar. Ute er det mørkt og regnfullt. Inne er det varmt og stemningsfullt.

Nøkkelord

Se bildet større

TRIVST: Denne gjengen set stor pris på Open Mic, to av dei går fast på arrangementet. Arne Vagle (f.v), Finn Hauge, Ove Henry Larsen og Rune Tallaksen. FOTO: Borghild Gudmestad

Se bildet større

OPEN MIC: – Eg har gjort dette mykje, eg synest det berre er gøy. Det er låg terskel for å opptre her, seier Rebecca Instebø før går på scenen og opptrer med eigne songar. FOTO: Borghild Gudmestad

Nyheter fra andre aviser

Jærbladet

Strandbuen

Solabladet

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Send inn tips

Tips oss på 41 60 70 00 eller redaksjonen@sandnesposten.no.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner sandnesposten.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på Sandnesposten.no?

Sandnesposten.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!