Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Nytt og steingammalt frå Sigvart i dag

Nytt og steingammalt frå Sigvart i dag

KONSERT: Sigvart Dagsland er tilbake med nye og gamle songar fredag kveld. FOTO: Fredrik Asbjørnsen

– Eg liker veldig godt publikummet i Sandnes, seier Sigvart Dagsland. Fredag er han tilbake i Sandnes.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
11.11.2016 kl 12:38

I fjor haust var Sigvart Dagsland og kona i Sandnes med julekonsert. I år har han droppa både kona og julesongane på turneen.

«Røst»

I september var han ute med albumet «Røst». Dagsland tar med songar frå det nye albumet og songar han har framført før.

Det nye albumet er inspirert av 70-talsmusikk.

– Før kvar song me spelte inn høyrde me på 70-talsmusikk. Mitt musikk-DNA ligg mykje i 70-talet.

– Stolt

Tekstane på albumet handlar om dei nære ting, og er skrive saman med Mike McGurk.

– Eg er veldig stolt av denne plata her.

Han har allereie ein lang turnéhaust bak seg. Sandnes er ein av dei siste stadene han har konsert denne sesongen.

– Eg har med nye songar, gamle songar og steingamle songar, og eit fantastisk band, seier den populære artisten.

Berebjelken

Konsertane er berebjelkane i det han held på med.

– Eg elskar å gje konsertar, det er berebjelken i det eg held på med.

Hausten er tida han har flest konsertar, 30 konsertar ligg bak han i haust.

– Det er ei veldig fin tid for konsertar. Folk vil ut då. Det er mørkt, kaldt, det er kjekt å gå på konsert, seier Dagsland som gler seg til å halda konsert fredag kveld.

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!