Sandnesposten A/S

Anders frå Austrått har gjort apetitten til levebrød

MAT: Matskribent Anders Husa satsar på å leva av matblogginga. Nyleg var han heime for å skriva om restaurantar i Sandnes og Stavanger etter å ha blitt kåra til årets matbloggar. Foto: Borghild Gudmestad

Anders Husa freistar å leva av å skriva om mat. Interessa har han fått med seg heimafrå.

Sandnesposten
Sandnesposten A/S

Publisert:

Sist oppdatert: 19.02.2017 kl 19:58

Matskribent Anders Husa (32) var i helga heime for å laga restaurantguide for regionen.

Nyleg blei Anders Husa frå Austrått kåra til årest matbloggar av Vixen Blog Awards.

– Eg blei veldig overraska. Klart det. Når eg ser dei andre fire eg var nominert med blei eg det. Dei har alle heldt på lenge. Matbloggar Mari Hult har skrive både kokebøker og tar flotte bilete. Det var kjempekjekt og overraskande å vinna! seier matskribenten, som nyleg var heime for å fylla matbloggen med restaurantar frå Rogaland.

Restauranteksperten

Juryen meinte fleire ting om Husa. Dei meiner han er blitt ein ekspert om på kva som skjer på restaurantfronten i Oslo og andre byar heime og i utlandet. Dei meiner han skriv veldig godt kombinert med gode bilete på bloggen og dei sosiale media som han brukar. Bileta hans stimulerer sansane.

Husa blir lagt merke til at matfolket. Han har laga restaurantguidar frå restaurantar i Sverige og Danmark. Han har også laga videoar for TV-programmet Matkanalen. Nå lagar han kartguide til restaurantane han anbefalar på bloggen sin. Han gjer det slik han sjølv gjerne vil sjå det. Mannen elskar god mat i gode omgjevnader. Alle sansar er i bruk når Husa entrar ein restaurant.

På heimtrakter

KAFFI: Det var interessa for kaffi som gjorde at Anders Husa blei interessert i å skriva om restaurantar. Foto: Borghild Gudmestad


I helga var han heime for å laga matguide frå distriktet. Han har vore på restaurantar og kaffibarar i Stavanger og Sandnes. Men det var fleire stader han ikkje rakk over.

– Det er mange stader eg ikkje har vore. Det blir kanskje ein tur seinare. Det er fleire stader eg ikkje har vore utanfor byane.

I Sandnes var Hekkan Burger ein av stadene han besøkte. Han har også vore på Mondo og Charles & De tidlegare.

Dyrt

Det kostar mykje pengar å gå på restaurantar. Skal Husa leva av å vera matskribent treng han også sponsorar, nokre å samarbeida med. Då han var han heime hadde han samarbeid med region Stavanger. Det er viktig for han å samarbeida med aktørar der han står inne for produktet.

Bak heile matbloggen driv dette han:

– Det eg vil er å gje gode anbefalingar til restaurantbesøk. Eg vil strukturera informasjonen, hjelpa folk til å navigera, seier han.

Husa skriv på engelsk, det er ganske enkelt for å nå fram til fleste mogleg.

Starta med kaffi

Det interessante er gjerne også at med kaffiinteressa opna det også interessa for restaurantbesøk.

– Ja, kaffi er eg svært interessert i. Kaffibaren Coffeeberry var faktisk ein av dei fyrste stadene eg skreiv om i bloggen min. Eg følgde dei heilt frå dei starta Benk på Kinokino. Eg blir fasinert over kor mykje som kan gjerast med kaffi, og kor mykje arbeid som blir lagt ned i god kaffi.

Dermed gjekk vegen vidare til restaurantar.

100 prosent

Det var i fjor han sa opp jobben som mediebyråansvarleg i Dagbladet for å satsa 100 prosent som matskribent. Bloggen Foodie Stories blei starta i fjor.

Han lagar også mat heime i Oslo.

– Eg er fyrst og fremst glad i det meste av mat. Det er veldig lite eg ikkje liker. Eg er van med heimsleg mat i ordets rette forstand. Eg elskar å stå på kjøkkenet og laga mat. Det er ein stor del av livet. Så blir eg veldig inspirert av å gå på restaurantar. Så forenklar ein det gjerne meir heime.

Matfatet

– Råvarene frå Jæren er ettertrakta i heile landet. Det er mange restaurantar i Oslo som bruker kjøt og grønsaker frå Jæren. Me har også verdas beste sjømat på denne sida av landet, det er ingen tvil om det. Det er fantastisk.

– Kva er det fyrste du legg merke til når du går inn i ein restaurant?

– Eg ser vel som dei fleste etter ein person som eg kan ta kontakt med, altså er det nokon som ønskjer ein velkomen? Det er det stor forskjell på restaurantar. Elles ser eg ofte på interiøret sidan eg er veldig interessert i kunst, interiør og design. Det er også ein stor del av ein restaurantoppleving, setting og atmosfæren.

Husa har vakse opp med stor matglede frå mor og far. All mat heime blei laga frå botnen av.

– Eg har fått gleda frå foreldra mine. Dei brukte berre råvarer, ingen ferdigprodukt, det er ikkje mat for meg, slår han fast.

Nå satsar han på å leva av den store interessa for god mat.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...