Eit møte for historiebøkene

Sandnes-ordførar Stanley Wirak oppmoda til å jobba saman mot den nye kommunen i sitt innlegg på det felles kommunestyremøtet for Forsand og Sandnes i Lysefjordsenteret i ettermiddag. FOTO: Elin Moen Karlsen, Strandbuen

Tysdag ettermiddag hadde Forsand og Sandnes sitt første felles kommunestyremøte i Lysefjordsenteret på Forsand. Ingen formelle vedtak blei gjort i møtet.

Sandnesposten
Sandnesposten A/S

Publisert:

KOMMUNEREFORMEN: Heile 65 lokalpolitikarar sat med ryggen til den mørkeblå Lysefjorden for å høyra om status for kommunesamanslåingsprosessen og vidare framdrift.

Det var fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa som inviterte til møtet i medhald av inndelingslova. Ho presisterte i opninga at det felles kommunestyremøtet var eit drøftingsmøte.

– Dette er ein historisk dag, det er nesten som høgtid, begynte Sandnes-ordførar Stanley Wirak sitt innlegg.

Han fortsette med ein gjennomgang av kommunereformprosessen frå Sandnes si side. Etter gjennomgangen hadde han fleire oppmodingar:

– Me har sett oss djerve mål for næringsutvikling i den nye kommunen, og eg forventar at alle i regionen er med og drar i dette arbeidet.

Han oppmoda til godt naboskap og gode samarbeidsrelasjonar.

– Me skal framleis vera forsandbu og sandnesgauk, sa Wirak.

Sandnes-ordføraren peika vidare på at han nå måtte læra seg nye tal.

– Bynuten med sine 671 meter er Sandnes sin høgaste fjelltopp, men i Nye Sandnes blir det den nesten dobbelt så høge Lysekammen med sine 1304 meter over havet, sa han.

– Eg ønskjer oss alle lukke til. Nå forventar våre innbyggarar at me jobbar mot det målet som Stortinget har bestemt, slutta Wirak.

Forsand større i omkrins

Forsand-ordførar Bjarte Sveinsvoll Dagestad begynte sitt innlegg med å peika på at Forsand er to og ein halv gong så stor som Sandnes med eit fornøgd smil til latter frå forsamlinga.

– Me får nå regional og nasjonal gjennomslagskraft som ein av Norges største bykommunar, sa han.

Dagestad lova også at han skal læra Sandnes å tenka som ein kraftkommune. Han nemnde vidare at Nye Sandnes blir Norges fjerde største jordbrukskommune.

– Nye Sandnes skal vera på tilbodssida til våre naboar, me skal vera ein solid og attraktiv kommune å bu og jobba i. Forsand vil vera ein del av Ytre Ryfylke også som ein del av Sandnes kommune. Me kan framleis ta ein tur til Strand sjølv om me blir ein del av Sandnes, slutta han innlegget sitt med.

Etterpå utveksla dei to ordførarane historiebøker frå sine respektive kommunar. Møteleiar Magnhild Meltveit Kleppa gjekk så vidare på sakslista der namnet på den nye kommunen skulle drøftast. Det er slått fast i prinsippdokumentet at den nye kommunen skal heita Sandnes.

Ikkje rausheit til motstand

Ole Tom Guse (KrF) frå kommunestyret på Forsand peika på at han ikkje kunne støtta namnevalet med bakgrunn i at det ikkje lenger er fleirtal for Sandnes-samanslåinga i kommunestyret.

Ni av kommunestyrerepresentantane (KrF, Sp, Ap og uavhengige Paul Løland) har sendt vedtaket som blei gjort i Forsand kommunestyre 6. juni til lovlegkontroll hos Fylkesmannen i Rogaland.

Dei ni kommunestyrepolitikarane ønskte å utsetja prosessen og hadde håpa å gjera eit vedtak om dette på det ekstraordinære kommunestyremøtet i juni. Sandnes-tilhengarane (Høgre, Samlingslista og Forsand Bygdalista) meinte det ikkje var noko sak på saklista og viste til kommunelova sin paragraf 34 som seier at det krevst to tredelar av stemmene for å behandla ei sak, noko det ikkje var. Saka blei derfor avvist. Stortinget har rådd til samanslåing av Forsand og Sandnes basert på det tidlegare kommunestyrevedtaket som er gjort med fleirtal for Nye Sandnes.

– Eg håpar denne forsamlinga kan visa storsinn og at dette tillegget frå dei ni kommunestyrerepresentantane i Forsand blir ført i protokollen frå dette møtet.

I sitt opningsinnlegg presiserte Magnhild Meltveit Kleppa:

– Fylkesmannen frårådde samanslåinga av Sandnes og Forsand, men det er eit lukka kapitel nå. Det er Stortinget sitt vedtak som gjeld, og det er ikkje rom for omkamp i forhold til tilrådinga frå vår side.

Reidar Thu frå Samlingslista i Forsand peika på at innspelet frå «gjengen» på Forsand, som han kalla sine ni politikarkolleger, viser manglande respekt for lokaldemokratiet og skapar kiv og uro.

Wirak og Dagestad motsette seg å ha med tillegget til protokollen, då dei meinte det var prinsippielt feil å ta dette opp på eit drøftingsmøte og at dette heller høyrer heime i eit kommunestyremøte på Forsand.

– De får ikkje rausheit frå denne forsamlinga, då dette er eit drøftingsmøte der det ikkje blir gjort nokre vedtak, sa fylkesmann Kleppa.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...