Kunstnarar av god årgang stiller ut for fyrste gong

UTSTILLING: Synnøve Mæland er ein av bebuarane frå Austrått boas som stiller ut bilete på Anita atelier og galleri frå torsdag. Foto: Privat

Torsdag opnar ei utstilling på Anita atelier og galleri med verk laga av bebuarar ved Austrått boas.

Sandnesposten
Sandnesposten A/S

Publisert:

– Me var ute og gjekk tur og gjekk innom galleriet til «Anita atelier og galleri». Me forsto at galleristen hadde kurs i ulike teknikkar og ho lurte på om me ville koma på kurs til henne. Så lurte me på om ho ikkje heller kunne koma til oss, fortel Mari Berge Folde, aktivitør ved Austrått boas.

Dermed skaffa Austrått boas midlar til å få undervisning av Anita Rasmussen, gallerist og kunstnar ved galleriet på Thrane Gård. Kurset har vore på Austrått boas fem gonger. Her har dei demente fått utfalda seg på lerretet.

Torsdag blir det opning av utstillinga klokka 15.00, og ikkje tysdag som det sto i saka. Sandnesposten beklagar dette.

Saka held fram under biletet

UTSTILLING: Dette er eit av dei andre måleria. Torsdag opnar utstillinga på «Anita-atelier og galleri». Foto: Privat

Stor måleglede

– Dette har fenga brukarar. Nokre vil ikkje vera med i begynnelsen, men så ville dei etterkvart. Det har vore ei veldig god stemning, og dei har hatt utruleg glede av dette, fortel ho.

– Me har hatt mykje lått og løye også!

Dei har lært ulike teknikkar av Rasmussen.

– Kor mange har vore med på dette?

– Frå seks til åtte brukarar, seier ho.

Det er viktig å ha ulike aktivitetar for brukarane, nå blei kurs i måling, sidan utstilling, ein svært gledeleg aktivitet.

Ros

Berge Folde rosar Rasmussen for korleis ho har jobba med dei demente.

– Ho passa veldig godt til den oppgåva. Dette har vore positivt både for brukarane og dei tilsette.

I utgangspunktet var det ikkje meininga at det skulle bli utstilling, men så kjendest det naturleg å ha det.

Bebuarane på Austrått boas er aktive, men det er fyrste gong dei har hatt målekurs som dette her. Det er ikkje sikkert det er siste gongen.

Utstillinga vil også vera open tysdag og torsdag i neste veke.

Kan bli meir

Anita Rasmussen synest det har vore svært gjevande å undervisa eldre med demens:

– Så gjevande! Eg har gledd meg kvar gong! Eg brenn så for dette. Det har vore ekstra kjekt. Eg følte eg var på rett plass, seier ho begeistra.

Ho vil gjerne ha fleire slike kurs for eldre.

Då ho fekk vita at dei eldre skulle stilla ut, syntest ho det var ein gode ide å ha utstillinga i sitt eige galleri.

– Det er berre heilt topp det! seier Rasmusssen som også har kurs for Meistringseininga i kommunen.

Mange kurs

Rasmussen har mange kurs på garden, for eldre og yngre etter at ho starta galleriet i fjor. I tillegg stiller ho ut eigne verk. Det er også andre utøvarar på garden som målar og stiller ut.

– Det er også plass til fleire her, fortel ho.

Nå gler ho og Austrått boas seg til opninga av utstillinga i atelieret på Thrane Gård på Austrått torsdag.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...