Lått og løye er limet på Høle

PREMIERE: Torsdag er det premiere på Hølerevyen. Fluene er Wenche Bachmann Alsvik og Henning Wold. Blondina med tvillingmage er Ruth Trodal Borsheim. Foto: Ingeborg Dirdal

Med song, lått og mykje arbeid skal samhaldet i bygda byggast. Torsdag er det nok ein gong premiere på ein revy som har halde det gåande sidan 1999.

Sandnesposten
Sandnesposten A/S

Publisert:

Sist oppdatert: 08.03.2017 kl 21:57

Ragnhild Seldal Knutsen er dagleg leiar for revyen. Ho har vore med sidan oppstarten.

– Eg trur mange kan bli overraska over kor tidkrevjande det er å vera med på revy, fortel ho.

Årets høgdepunkt

Men så er det også svært kjekt å vera med. Og det er derfor dei lagar revy annakvart år på Høle. Revyen er eit viktig lim i bygda.

GØY: Ungdommane Jon-Petter Brendemoen og Jostein Bachmann Alsvik står på scenen torsdag. Foto: Ingeborg Dirdal

– Folk spør etter revyen, og fleire av dei som gjerne ikkje går mykje ut elles i året kjem på revyen. Dette er årets høgdepunkt. Det at me samlar bygda slik set me veldig pris på, seier ho.

Rundt 35 innslag skal på scenen i år, fordelt på to akter. Mykje er utselt, men det er framleis nokre billettar igjen.

Dugnad

Det er ikkje reint få som er involvert bak kulissane, i tillegg til dei som står på scenen.
– Det er ein gigantisk dugnad, slår ho fast.

Nokre lagar eigne kostymer, i tillegg er Elin Iren Espedal Strand med og syr der det trengs.
Ingeborg Dirdal er med på scenen for fyrste gong i år. Mannen og forfattaren Bjørn Ingvaldsen bidreg også. Dei synest det er veldig kjekt.

– Ein blir også betre kjend i bygda på denne måten. Ein kjem meir inn i miljøet. Og me treng jo at folk engasjerer seg i lokalmiljøet, seier Dirdal som har budd under ti år i bygda.

Både ho og ektemannen er med og bidrar på tekstsida, som fleire andre.

Naboen

Denne gongen handlar revyen om den gode eller dårlege naboen. Definisjonen av nabo kan vera så mykje.

– Det kan vera husnaboen, kommunesamanslåing, Sverige eller Danmark, fortel Ragnhild Seldal Knutsen.

– Nå blei det nyleg kjent at Sandnes skal slå seg saman med Forsand. Blir det noko på det også?

– Det er klart at me fleipar litt med dei som er på den andre sida av fjorden. Me har i revyen prøvd å finna karakterar som passar inn som nabo, seier Seldal Knutsen.

INSTRUKTØR: Instruktør Tom Reidar Førland Bratteli stortrivst med revygjengen frå Høle. Her er han saman med Anita Vervik. Foto: Ingeborg Dirdal

Tom Reidar Førland Bratteli har vore instruktør i årevis. Han har brei erfaring frå andre revyar også, i over 20 år.

– Det er nokre år sidan fyrste gong eg blei med på Høle. Eg svarer ja kvar gong. Det har noko med kjemi å gjera. Denne gjengen er kjempeherleg. Dei er litt sosiale. Eg håper dei set pris på det eg gjer. Dei skriv, eg skriv. Eg rettar gjerne på ting. Men eg er ikkje feilfri eg heller, seier han.

– Er det noko som særpregar revylaget på Høle?

- Nei, trur ikkje det. Eg trur dei har lett og daglegdags humor. Dei slår opp kvardagen. Dei er gjerne grovare enn andre. Eg skal ikkje underslå det. Men me legg det ikkje direkte på fat.

– Kva må du vera mest bevisst på som revyinstruktør?

– Eg må få ein skodespelar til å trivast på scenen. Viss ikkje kan det ikkje bli bra.
Bratteli skryter òg av songstemmene i bygda.

– Eg trur Høle ligg blant dei beste amatørrevylaga når det gjeld song. Dei er veldig flinke til å syngja, seier han.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...