Duckwalk Chuck: Nytt, rått og kortreist

HARDROCK: Dei lovar eit råare lydbilete enn nokon gong, hardrockbandet Duckwalk Chuck frå Sandnes. Håvard Moe (frå venstre), Arild Rettore, Arvid Thorsen og Håkon Helland Rønneberg. Foto: Borghild Gudmestad

Hardrock-bandet Duckwalk Chuck lovar eit råare lydbilete enn nokon sinne.

Sandnesposten
Sandnesposten A/S

Publisert:

Sist oppdatert: 05.03.2017 kl 20:45

Det 17 år gamle sandnes-bandet kan lova rett-i-trynet hardrock. Dei er ute med det nye albumet «High Speed City» og held til helga releaseparty i sin andre heim, Tribute.

Kortreist

Sidan starten i 2001 har dei heldt det gåande meir eller mindre jamleg, om enn med nokre medlemsbytte undervegs. Det fyrste albumet kom ut i 2004, det andre i 2008. Nå, ni år seinare, kjem altså det tredje.

– Me serverer kortreiste rockeriff frå Sandnes, seier Arild Rettore som blei med som gitarist for sju år sidan.

Lang prosess

Ei stund var musikarane usikre på om det blei nytt album i det heile tatt, og dei har brukt lang tid på å koma i mål.

– Det har vore ein ganske lang prosess. Til slutt blei det innspeling i studioet Art Beat studios på Kverneland. Der fann me det me ville ha, fortel bandet.

Det er fyrste gong bandet har nytta dette studioet.

– Det var full klaff, slår dei fast.

Nå er dei svært fornøgde med den heilt ferske plata «High Speed City».

– Me er enormt stolte! Og me har fått mange gode tilbakemeldingar så langt, slår Rettore fast.

Betre riff

Gitarist Håkon Helland Rønneberg meiner at etter at dei fekk inn Rettore i bandet, blei riffa betre.

Arvid Thorsen, som har vore med sidan starten, meiner den nye plata har fått ein endå større dose hardrock, og legg ut om gleda ved å halda i handa ein LP ein har laga heilt på eiga hand.

– Det er ei stor tilfredsstilling å ha laga noko sjølv, seier han.

Det er vokalist og bassist Thorsen som skriv det meste av tekstane, sjølv om det hender at òg Håkon Rønneberg bidreg litt på tekstsida. Av musikalsk inspirasjon nemner dei AC/DC, Motörhead, Judas Priest og ZZ Top.

Mykje øving

– Kor mykje øver de?

– Opp mot ein konsert øver me to gonger i veka for å få alt hundre prosent. Når me ikkje førebur konsert speler me saman om lag ein gong i veka.

Det har litt vore bluesinnslag i musikken tidlegare, har de det ennå?

– Det er litt råare nå, litt hardare. Det er ennå litt blues, men ikkje mykje, seier Rettore, som meiner det er «heilt topp» å driva med musikk i Sandnes. Han lovar òg at det blir fleire konsertar etter kvart. Eit par har blitt booka allereie.

– Me har booka eit par, men nå er det fullt fokus på releasen. Me vil nok booka fleire etterkvart.

Heime på Tribute

– Kva er det beste publikummet?

– Tribute utan tvil.

Den lokale konsertarenaen og rockepuben, kor og Sandnes Rockeklubb held til,er på mange måtar heimebanen til Duckwalk Chuck.

– Dei har alltid gjort mykje for oss og motsett, fortel dei.

Då er det kanskje ikkje så underleg at billettsalet fram mot helgas releaseparty har vore godt. Nå ser dei fram til å dela nye og gamle riff med Sandnes-publikummet.

– Me har eit uttrykk som er vårt. Me gler oss enormt, kjem det samstemt.

Chuck Berry

– Men bandnamnet Duckwalk Chuck, korleis blei det til?

Dei ler.

– Me er inspirerte av musikaren Chuck Berry, og hans måte å spela gitar på. Det var slik det oppsto.

– Kva er dykkar beste minne på scenen?

– Det er mange, men live på Tribute i 2015 var eit høgdepunkt.

– Har de nokre faste rutinar før oppvarming til konsert?

– Nei, ikkje anna enn å fyra kvarandre litt opp. Me må vera ekte, kan ikkje feika noko på scenen. Me er alltid på!

Hobbyband

Bandet, som har fått gode kritikkar i diverse musikkmagasin, har tidlegare delt scene med både Backstreet Girls, Ingenting og Quireboys, og har stått på fleire scenar i Norge. Men musikken er framleis ein hobby. Samstundes jobbar dei jamt og trutt for å bli eit stadig betre rockeband.

– Det er ein viktig hobby som alle brenn for. Me er eit hobbyband. Men me treng ikkje vera eit dårleg hobbyband, seier Rettore.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...