Sandnes-prest startar nettverk i frustrasjon over homo-vigsel

FRIMODIG: Sandnesprest Vidar Mæland Bakke meiner den nye ekteskapslæra er feil, og er med og stiftar det nye nettverket «Frimodig kyrkje». Foto: Borghild Gudmestad

Prestar som ikkje kjenner seg heime med den nye vigselsliturgien for homofile stiftar nå nettverket «Frimodig kyrkje».

Sandnesposten
Sandnesposten A/S

Publisert:

Sist oppdatert: 24.02.2017 kl 10:40

Prest i ByMenigheten Sandnes, Vidar Mæland Bakke, sit i interimstyret for nettverket. Han vil vera frimodig og fronta dei som ikkje kjenner seg heime med det nye vigselsritualet i Den norske kyrkje, men som likevel vil bli verande i kyrkja. Saman med prestar, kyrkjeleg tilsette og kyrkjeleiarar stiftar han i mars nettverket Frimodig kyrkje. Så langt er meir enn 300 prestar med.

– Krise

Stiftarane bak nettverket, som ifølgje Mæland Bakke skal vera eit nettverk for «skriftemål og fornying», meiner kyrkja er inne i ei krise. Likevel vil dei ikkje melda seg ut, men stå for det dei meiner er eit klassisk bibelsyn innanfor kyrkja.

– Kva signal sender de ut med å danna eit nettverk som dette? Kvifor melder de dykk heller ikkje ut av kyrkja slik som fleire andre har gjort?

– Det er eit godt spørsmål. Som prest for ByMenigheten er eg hyrde for kyrkjelyden. Det er eit stort steg å bryta med kyrkja. Mange som bruker kyrkjelyden ser på meg som ansvarleg leiar. Eg trur det vil skapa meir splid om eg går ut av kyrkja. Det handlar om å høyra til ein plass. Me håper det går an å rydda gode rom for oss også. At me kan utforska det rommet. Mange vil ikkje forlata kyrkja som dei er glad i. Eg trur kyrkja er viktig i det norske samfunnet, seier han og held fram:

– Eg kan godt samarbeida med dei andre kyrkjelydane, eg opplever at me har ryddige forhold. Me kan bli einige om område som er gode og naturlege å samarbeida om. Eg trur det kan førebyggja uro. Splittinga og usemja er der frå før. Skal menneska nå bli heimlause eller skal me rydda rom?

Me har ikkje endra oss. Det er samfunnet som har endra seg.

Mæland Bakke meiner historia viser at det ikkje alltid blir betre å gå ut og skapa noko nytt.

– Eg meiner det må vera rom for dei som lærer og meiner annleis. Me treng å utfordra det konkret, seier soknepresten.

Meiner vigselkompromiss bryt med Bibelen

Interimstyret i Frimodig kyrkje meiner blant anna at kompromissforslaget om samkjønna vigsel som er vedtatt av Kyrkjemøtet bryt med Bibelen og derfor også med sjølve forkynninga. Nettverket er ope for kyrkjelydar, organiserte grupper og fellesskap, tilsette og frivillige med leiaroppgåver i Den norske kyrkja.

Mæland Bakke er ein av seks personar i interimstyret som hadde fyrste møte i fjor haust. Tidlegare ByMenighetsprest Helge Standal sit også i styret. Initiativet er så nytt at mange kjenner ikkje til dette ennå.

– Kva reaksjonar har du fått så langt?

– Det gjenstår å sjå. Dette er relativt nytt. Eg trur det er viktig å støtta opp om dette. Me skal i møte med biskopen i denne veka. Me får nå ein biskop som er einig i sak, men som står inne for kompromissforslaget vedtatt i Kyrkjemøtet. Kyrkjemøtet har sagt at me kan praktisera og undervisa i tråd med vår overtyding.

Nå rotar ein det til med den nye ekteskapslova. Ein sidestiller ulike former for samliv. Kva kjem etterpå?

– Kjenner seg framande

Soknepresten i ByMenigheten på Ganddal meiner at mange kjenner seg framande nå, og fryktar at mange prestar ikkje lenger vil fronta sitt syn i blant anna homofili-saka.

– Mange vil seia at det er me som skaper konflikten, men han er der allereie. Men me har ikkje endra oss. Det er samfunnet som har endra seg. Tidleg på 2000-talet var det heilt uaktuelt for det store fleirtalet på Stortinget å endra ekteskskapslova. På få år snudde det heilt. Utviklinga har gått veldig raskt.

– Eg har blitt berørt av korleis homofile har blitt møtt gjennom åra. Eg har vore veldig redd for å såra. Derfor har eg dempa måten eg har snakka om dette på som kunne gjera det vanskeleg for dei og pårørande. Derfor er dette vanskeleg, understrekar han.

Han legg heller ikkje skjul på at nok mange homofile har blitt behandla veldig feil. Men nå føler han at kyrkja blir driven frå skanse til skanse, og lurer på kva det neste blir.
Han merkar frustrasjonen er størst på Vestlandet og Sørlandet.

– Det er nok mest frustrasjon her, det er nok tøffare for prestar og kyrkjer som blir ståande åleine andre stader i landet.

Han legg også til at oppi alt ser ha ikkje på seg sjølv som noko offer, og at på våre kantar kan det truleg vera vanskelegare å fronta det nye synet på ekteskapslæra.

– Men eg meiner at det nye vedtaket bryt med noko heilt sentralt og grunnleggjande i Bibelen. Er ekteskapet i kyrkja det same for heterofile og homofile? Eg synest det er ei tydeleg grense der. På samfunnsplan var nok partnarskapslova ei god løysning. I etterpåklokskapens lys var det nok det ei betre løysing enn det me har nå. Det me gjer nå er å omdefinera ekteskapet, seier presten.

Han meiner det ikkje berre handlar om homofile, men korleis ein definerer heile ekteskapet.

LHBT

– Eg meiner at samfunnet må ha gode ordningar for livsval. Men nå rotar ein det til med den nye ekteskapslova. Ein sidestiller ulike former for samliv. Kva kjem etterpå? spør han.

– Kvifor må det koma noko meir etter dette?

– Dei snakkar om livslangt truskap. Kan ein vita om polyamorøse forhold kjem? Eg meiner at det er ei eiga ramme rundt mann og kvinne som også handlar om neste generasjon. Ein definerer barn utanfor. Kva med barna? Det er LHBT-rørsla (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar) som har sett dagsorden og som har klare planar for mykje meir enn det me ser i dag. Det er samfunnet som definerer kva kyrkja meiner. Me har ikkje lenger definisjonsmakta når me har utvida definisjonen utover mann og kvinne.

– Dette nettverket vil undervisa i det du meiner er den klassiske kristendomsforståinga. Det vil vera eit fellesskap. Skal de ha eigne samlingar?

– Det gjenstår å sjå korleis dette nettverket blir organisert. Eg trur det viktigaste vil vera lokale og regionale samlingspunkt, men i kva form veit eg ikkje ennå.

Han er også bekymra for at han vil støyta nokon i frå seg der Frimodig kyrkje seier det dei meiner.

– Nokon vil sei at det eine slår det andre i hel. Eg håper det ikkje treng vera motsetning mellom å vera tydeleg, kjærleg og ærleg. Me må øva i oss å møta folk på ein god måte.

Han opplever mykje støtte frå grasrota.

- Eg trur eg og dei andre i Frimodig kyrkje gjer oss til talsmann for mange. Dei treng at nokon står opp for dei.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...