Sandnesposten A/S

Sandnesposten

Spelar til ære for dei gløymde barna

Bodil Fagerheim vil løfte fram ein trist epoke i norsk psykiatrihistorie.
Foto: Nils-Ove Støbakk, Jærbladet

– I dag hadde det aldri vore aktuelt å plassere psykisk sjuke heime hos vanlege familiar, seier Bodil Fagerheim.

Sandnesposten
Sandnesposten A/S

Publisert:

Sist oppdatert: 22.09.2017 kl 19:55

PSYKIATRI: Oktober 1966. Bodil (7) spring bort til naboane på Høyland. Ho vil leike med minsteguten i heimen, som er to år gammal. Britt Helene (15) er sett til å passe huset – og veslebroren. Men tenåringen er veldig trøytt, for heile natta har det vore leven frå ein av dei psykiatriske pasientane som bur på loftet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bodil Fagerheim håper at konserten i Lura kirke kan vere ein tankevekkjar.
Foto: Nils-Ove Støbakk

Medan tenåringen sovnar på sofaen, kjem ein av pasientane ned og vil vere med på leiken saman med toåringen og sjuåringen. Dei dreg guten i ein barnestol på gangen, og etter kvart går det litt for fort. Guten dett ut av stolen og slår hovudet. Ei veke seinare døyr han av skadane.

Ingen av jentene får noko form for oppfølging etter den traumatiske hendinga, som blir med dei resten av livet.

– Mange var livredde

September 2017. Bodil Fagerheim sit i Lura kirke og øver til laurdag. Den rutinerte musikaren førebur seg til konserten ho skal arrangere saman med Britt Helene Skjeldal. 51 år etter at den vesle guten døydde, møtest dei to Nærbø-jentene igjen. Dei har på ny levd seg gjennom den triste hendinga, og gjennom Britt Helene sine dikt og Bodil sine tonar inviterer dei til ein kveld til ettertanke. Tittelen på konserten, «Alltid på leit etter den viktigaste brikka», er henta frå eitt av dikta.

– Musikken kan nå inn i hjarterota, der ordinær medisin ikkje når inn, seier Fagerheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

– Musikken kan nå inn i hjarterota, der ordinær medisin ikkje når inn, seier Bodil Fagerheim.
Foto: Nils-Ove Støbakk

Nå håper ho at dei saman kan vere med på å rette fokuset mot ungane som vaks opp i heimar med psykiatriske pasientar. For det var faktisk ganske så vanleg.

– Det som aldri har blitt belyst, er korleis ungane i desse heimane hadde det. Mange var livredde, og i vaksen alder har dei fått seinskadar av dette, fortel ho.

– Barna blei ikkje sett. Og den ordninga var med på å øydelegge friske ungar. I dag hadde det aldri vore aktuelt å plassere psykisk sjuke heime hos vanlege familiar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tittelen på konserten, «Alltid på leit etter den viktigaste brikka», er henta frå eitt av dikta til Britt Helene Skjeldal.
Foto: Nils-Ove Støbakk

Lang tradisjon i Noreg

Heilt frå middelalderen har det vore vanleg at samfunnet har tatt seg av «gale» i Noreg. I fleire hundre år var det vanleg at fattige og sjuke gjekk på omgang mellom gardane, og det var kvar sin gong å ta seg av dei som ikkje kunne forsørge seg sjølve.

I 1848 kom sinnssjukelova, som slo fast at det offentlege hadde ansvar for å gi omsorg til dei som var «sinnssjuke». Etter kvart blei dette formalisert gjennom ordninga med privatpleie, og private hushald inngjekk kontrakt med det offentlege om forpleiing mot betaling. Dette var heilt vanleg fram til på 1960-talet, då myndigheitene gradvis begynte å avvikle ordninga.

I 1995 presenterte Helse- og omsorgsdepartementet statistikk som viste at i 1960 var det 5283 pasientar i privat psykiatrisk forpleiing i Noreg. I 1993 var dette nede i 507.

– Men nå har me ikkje dette lenger. Dei siste åra kalla me det utepleien, seier Signe Nijkamp. Ho er tidlegare direktør på Jæren distriktspsykiatriske senter, og har lang fartstid i psykiatrien.

God ekstrainntekt

– Me kalla det dei utsette på Jæren, fortel Nijkamp.

Sjølv kom ho borti ordninga for første gong i 1969. Som sjukepleiarelev var ho i praksis hos distriktslegen på Bryne, og skulle på befaring til pasientar som var «utsette».

– Dei ansvarlege var distriktslegen og den reisande kontrollkommisjonen, saman med sjukehuset på Dale.

For mange bønder var det ei god ekstrainntekt å ta seg av psykiatriske pasientar, og Nijkamp kjenner til familiar som hadde
opp mot ti pasientar i hus.

– Men eg kan ikkje hugse at me nokon gong diskutere ungane i desse familiane. Og det er eigentleg heilt utruleg, seier ho.

– I min 40-årige karriere har eg faktisk ikkje høyrt noko om desse ungane. Det er skammeleg.

– Burde fått oppfølging

Nijkamp er glad for at Fagerheim og Skjeldal nå vil setje fokus på denne gløymde gruppa.

– Det er heilt klart at dei burde fått ei form for oppfølging, slår ho fast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Denne tabellen viser talet på pasientar i privat psykiatrisk forpleiing i Noreg frå 1960 til 1993.
Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

Samtidig understrekar Nijkamp at ho tidlegare ikkje har høyrt om klagar frå barna i desse familiane. Ho veit om fleire som opplevde denne ordninga som meiningsfull, og sjølv tok til seg pasientar i heimen sin i vaksen alder. Og medan nokre nok var kyniske og tok imot så mange som mogleg berre for pengane sin del, var det nok mange som tok seg godt av dei som blei busette i heimen.

– Sett i etterkant – var den omfattande praksisen med privat forpleiing eit fornuftig tiltak? Eller var det rett og slett ei nødvendig ordning for at staten skulle spare pengar?

– Eg tenkjer at det var tredelt, svarer Nijkamp.

– Eg trur at på den eine sida var det plassmangel i dei psykiatriske sjukehusa. Så var det økonomisk verdi for det offentlege, fordi det
var mykje billegare enn å ha dei på sjukehus. Og så var det god økonomisk verdi for dei som tok imot desse pasientane. Dess fleire dei tok imot, dess meir tente dei.

Vil løfte fram sanninga

Klangen er upåklageleg i Lura kirke. Tonane frå orgelet og flygelet dirrar i det mektige kyrkjerommet. Bodil Fagerheim har jobba med konsertprosjektet i eitt år, og forstår stadig meir av korleis hendinga i 1966 har prega livet hennar.

– Dette høyrer med til fortida. Men det er så viktig, i det livet me lever, at me ser ungane våre. Og ingenting blir betre av å teie alt i
hel. Det blir mykje betre av at sanninga kjem fram – det veit me i dag.

Medan Fagerheim har musikalsk utdanning og har jobba i mange år som organist og frilansmusikar, har Britt Helene Skjeldal gitt ut fleire diktbøker. Laurdag har dei òg med seg Einar Fagerheim på gitar og Rannveig Skiri Mosbakk, som skal synge og deklamere dikta til Skjeldal.

– Me opnar med «Memory», og avsluttar med salmen «Sorgen og gleden de vandre til hope», fortel Fagerheim.

Ho håper at konserten kan vere ein tankevekkjar, og at dei kan få løfte fram ein trist epoke i norsk psykiatrihistorie.

– Ifølgje Britt Helene er det mange som har lidd under denne ordninga. Så om denne konserten bidrar til at andre vil ta opp ting, kan kanskje snøballen rulle?

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...