Sandnesposten A/S

Sandnesposten

Stangeland Mølle satsar på Skurve

DAGLEG LEIAR: Øyvind Aareskjold har kort veg til arbeidsplassen midt i Sandnes sentrum. Foto: Kristine M. Stensland, Gjesdalbuen

Sandnesbedrifta Stangeland Mølle håper på å starta bygging av lager og pakkeri i år. På sikt kan dei koma til å flytta heile bedrifta til Skurve.

Sandnesposten
Sandnesposten A/S

Publisert:

Sist oppdatert: 11.04.2018 kl 17:32

NÆRING: Stangeland Mølle har tomt på næringsområdet på Skurve. Det har dei hatt ei god stund, men no nærmar det seg tid for å bygga og flytta arbeidsplassar til det store næringsområdet i Gjesdal.

– Me har det greitt der me er, men det er litt for lite. I fyrste omgang vil me flytta lager, kontor og pakkeri til Skurve. Det vil vera snakk om åtte til ti arbeidsplassar, seier dagleg leiar Øyvind Aareskjold til Gjesdalbuen.

Han viser fram teikningar av bygget som han førebels ikkje vil offentleggjera av omsyn til søknadsprosessane.

– Bygget blir 2300 kvadratmeter stort. Tomta vår er på 16,9 mål, så me har ein del tomt å bruka dersom me i framtida flyttar opp mølla også. Då trengs det stor plass til siloane.

– Strategisk plassering

Aareskjold var tidleg ute med å sikra seg tomt på Skurve.

– Gjesdal kommune er veldig positive. Det er den einaste plassen i nærleiken der ein har tenkt på industri. Dessutan ligg det strategisk til midt i hovudløypa. 80 prosent av godset vårt blir sendt austover.

Skurve ligg ved dagens E39. Det er ikkje bestemt kvar den nye utgåva av vegen skal gå, men Statens vegvesen har tilrådd at også han skal gå gjennom Gjesdal.

– Det er ikkje avgjerande for oss om nye E39 går gjennom Gjesdal. Den gamle E39 blir jo verande, og ein eller annan stad vil han treffa den nye vegen.

Asko AS skal setja opp to vindmøller på Skurvenuten. Desse har Bjelland AS, som driv masseuttak og skal utvikla næringstomter på Skurve, protestert heftig mot.

– Eg har høyrt at det har vore bråk. Men eg ser ikkje noko negativt med vindmøllene. Me kjem dit for å putla med vårt i fred og ro. Asko er miljømedvitne, og det er bra.

Ein av dei nye naboane til Stangeland Mølle, Jæder, kjenner Aareskjold godt til.

– Eg har tidlegare jobba med familien Espeland. Dei er veldig flinke. Eg trur dei blir gode naboar.

Prosessen vidare

Stangeland Mølle har frå før av eit lager på Berge i Gjesdal. Kva som skjer med eigedommen på Berge når lageret blir flytta, er uvisst.

– Det er mogleg at me finn på noko anna der, men det veit me ikkje.

Han understrekar at byggeplanane førebels ikkje er sende til kommunen. Dei er heller ikkje behandla av styret i selskapet.

– No blir saka behandla hos Arbeidstilsynet. Me sender søknad til kommunen når me har fått svar frå dei. Me håper på byggestart i løpet av året. Bygginga vil ta ca åtte månadar.

Flyttar mølla på sikt

Mølla og siloane ligg no i Sandnes sentrum. Der skal dei bli liggande ein stund til.

– Mølla har alltid låge her. Det er ein del av meg, seier Aarskjold som bur like i nærleiken.

– Men på sikt kan me ikkje bli verande her. Byen veks, og ein kjem til eit punkt der me ikkje lenger kan ha store lastebilar køyrande ut og inn her.

Frå Figgjo til Stangeland

Simmer Vikeså, som er sals- og marknadsansvarleg, er ein av dei som blir med på flyttelasset til Skurve. Fram til våren 2016 var han administrerande direktør for Figgjo AS. Etter det har han vore eitt år i Australia.

Han starta hos Stangeland Mølle 1. august i fjor. På heimesida si skriv Stangeland Mølle at Vikeså er utdanna bakarmeister.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...