Halvt horn med ost, skinke, piffi, varmt: «Unge lovende» kjem til Sandnes

TV-AKTUELL: Alex og kjærasten Kimmo reiser til Sandnes i sesong to. Foto: Skjermdump, NRK.

Kebaben, Langgata, jærnatur og eit halvt horn med ost, skinke og piffi. For dei som følger med på den svært populære NRK-serien «Unge lovende» blei det eit hjarteleg møte med Sandnes i episode 2.

Sandnesposten
Sandnesposten A/S

Publisert:

Sist oppdatert: 30.01.2017 kl 12:02

TV-AKTUELL: Skodespelar Alexandra Gjerpen (32) frå Sandnes speler Alex frå Sandnes i serien «Unge lovende». Alex er svært ambisiøs og jobbar hardt for å nå skodespelardraumen.

I episode 2 i andre serie av «Unge lovende» reiser Alex og kjærasten heim til Sandnes for å delta i onkelen si gravferd. Då blir det fleire møte med gaukebyen.

– Det var stor stas og litt surrealistisk å spela inn i Sandnes, seier Alexandra Gjerpen.

Skolekorps

For Alex blei denne episoden eit kjærleiksbrev til Sandnes. Heile episoden starta med bandet Skolekorps sin song «Sandnes for faen», med natur frå Sandnes og Jæren som kulissar. Det er liten tvil om kor me skal.

– Siri Seljeseth, manusforfattar av serien (saman med Mads Løke), er jo frå Stavanger.

Denne episoden var hennar kjærleiksbrev til Rogaland. Men det blei mitt også. Eg kom med litt innspel. Men det er mykje Siri sine idear, fortel Gjerpen.

I episoden er ikkje Alex vidare imponert av heimbyen sin, og ho vil på ingen måte flytta tilbake med det fyrste. Episoden er eit hjarteleg møte med Sandnes, og kanskje litt karikert.

Saka held fram under biletet

AKTUELL: Sandnes-skodespelar Alexandra Gjerpen (31) tar TV-sjåarane med til Sandnes i episode 2 i den populære serien «Unge lovende». Foto: Borghild Gudmestad

– Det er jo sett på spissen for komedien si skuld. For oss var det svært viktig å opna episoden med Skolekorps. Musikarane er gode venner av oss, og det var veldig viktig å få den songen med.

TV-crewet brukte eit døgn på å filma alle scenane i byen.

– For meg var det veldig kult å koma heim med TV-crewet. Det var skikkeleg stas. Det var rart å kombinera mine to verder på denne måten.

Vidare:
– Alex er så utruleg ambisiøs. Det kan gå litt på bekostning av mykje anna.

«Unge lovende» får svært gode tilbakemeldingar, og mange meiner at serien saman med «Skam» er den store, gode TV-serien for unge nå. For Gjerpen er det fantastisk og litt overveldande med all den gode responsen.

– Eg er utruleg stolt av å vera med på dette, og stå ved sida av Siri Seljeseth og Gine Cornelia Pedersen (dei to andre hovudkarakterane). Det er ei god kjensle.

Heile kvinneroller

Gjerpen liker svært godt å spela heile kvinnefigurar.

– Det er eit privilegium å spela ei rolle som ikkje berre er kjærast eller kone. Eg får lov til å vera i ei rolle som har mange ulike sider. Alex er jo ikkje berre kul. Det er ein trend nå med fleire interessante kvinneroller, du får vera eit heilt menneske.

Ho synest det er mest kjekt å spela slemme kvinner, og har ein draum om ein gong spela Cruella de Vil.

– Og som skodespelar blir ein aldri ferdig, eg gler meg til å utforska meir.

– Kva nerve har de treft med serien som har gjort han så populær?

– Eg trur dette ein utsvolta marknad. Det er ikkje ofte det finst komplekse hovudroller som unge kvinner i karakterar som dette. Som regel er det omvendt. Her får me boltra oss. Noko av det som er mest stas er at serien ser ut til å røra mange i ulike grupper. Det er iaugefallande at han har treft langt fleire. Eg trur fleire kjenner seg igjen frå 20-åra. Me har prøvd å vera usminka, ærlege, sa Gjerpen til Sandnesposten i fjor, og står også ved dette utsagnet i år.

Saka held fram under biletet

SERIE: – Det er ein trend nå med fleire interessante kvinneroller, du får vera eit heilt menneske, seier Alexandra Gjerpen frå Sandved. Ho er svært glad for å spela ei «fullstendig» kvinnerolle i serien «Ung og lovende». Foto: Monster Scripted AS

Lokal film

Til vanleg reiser Gjerpen mest heim til Sandnes på sommarferiar og i jula. Dermed blei det eit anna møte med Sandnes som skodespelar. Det gav meirsmak. Etter denne serien har den dyktige skodespelaren også hatt ei rolle i Aril Østin Ommundsen sin nye film « Now it's dark».

– Å få lov til å jobba med Pia Tjelta, Silje Salomonsen og Aril Østin Ommundsen var litt surrealistisk og utruleg stas. Eg hugsar godt då filmen Mongoland kom ut. Dei lagar så mykje fint! Det er jo eit miljø her, slår Gjerpen fast.

Ho mjuknar opp i møtet med filmmiljøet, venner som flyttar heim og den flotte naturen. Ho er ikkje framand for å ein gong flytta tilbake til Sandnes.

– Eg blir forført av naturen, eg elskar naturen på Jæren. Det ligg eit fantastisk teater i Stavanger, og mange gode venner av meg flyttar nå tilbake. Eg blir litt nyforelska.

Men Sandnes eller Oslo, eller begge deler. Ho er sikker på at Norge nå er i gullalderen innan film.

– Det er her det skjer!

Sesong 3 av «Unge lovende» blir også skrive, så tilhengarar av serien har mykje å sjå fram til når denne kjem på skjermen.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...